Overvasshandtering

Overvatn

Overvatn er overflateavrenning som regn eller smeltevatn frå gardsplassar, gater, tak m.m. Både klimautviklinga med kraftigare og meir nedbør og samfunnsutviklinga med økt fortetting kan kvar for seg auka intensiteten i overvassavrenninga. Resultatet blir meir vatn som ikkje trenger ned i grunnen eller som vert fanga av vegetasjon, men i staden renn på overflata og finn vegen til næraste røyr eller vassdrag. Dette igjen førar til oftare overfløyming og til at grunnvasstanden kan synka.

Overvasshandtering går ut på å nytta overvatn som miljøskapande element, og å førebyggja skade og ulempe som følge av overvatn. Tiltak for å handtera overvatn vert ofte delt inn i tre grupper:

  • Fjerna/forsinka avrenninga ved normal nedbør gjennom infiltrasjon.
  • Forsinka avrenninga ved ekstremregn gjennom fordrøying.
  • Trygg avleiing til elv, vatn eller overflaumbart areal ved ekstremregn.

Ifølge Byggteknisk forskrift § 15-8 skal «Overvann og drensvann skal i størst mulig grad infiltreres eller på annen måte håndteres lokalt for å sikre vannbalansen i området og unngå overbelastning på avløpsanleggene». Bortleiing av overvatn og drensvatn skal skje slik at det ikkje oppstår overfløyming eller andre ulemper ved mykje nedbør .

Kva du kan gjera med regnvatnet

Hovudprinsippet er å fjerna noko av vatnet som vert tilført overvasssystemet (til dømes ved infiltrasjon) eller å forsinka avrenninga. Det fins fleire tiltak ein kan vurdera, men desse må ikkje medføra ulempe for anna eigendom, jf. grannelova § 2 og plan- og bygningsloven § 28-1.

Aktuelle tiltak:

  • Kopla taknedløp frå nettet og montera utkastar
  • Bruka grus, grasarmering eller anna permeabelt dekke som alternativ til asfalt eller tette heller på gardsplassen
  • Velja grønt tak på garasjen eller huset
  • Samla takvatn (PDF, 362 kB) i ein tank til hagevatning
  • Behalda trær eller plante nye
  • Etablera regnbed
Unngå kjellaroverfløyming

For råd om korleis du sikrar bustad og eigedom mot overfløyming, sjå Viktig å vite om kjellaroverfløyming (PDF, 3 MB) og sjekkhuset.no Brosjyren gir i tillegg konkrete råd til deg som har opplevd skader – du kan lesa om kven du bør kontakta og kva du bør gjera i etterkant.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00