Oljeutskiljar

Verksemder som slepp ut oljehaldig avløpsvatn, til dømes bensinstasjonar, verkstader og vaskehallar, skal installera oljeutskiljar. Dette er for å unngå forureining og problem på reinseanlegg og avløpsnett.

For profesjonelle - Oljeutskiljar

Søka om å etablera oljeutskiljar

Etablering av oljeutskiljar er søknadspliktig i samsvar med plan- og bygningslova og søknad om påslepp må vera knytt til eit sanitærabonnement.

Den ansvarlege for verksemda må sjå til at utskiljaren er dimensjonert, installert og drifta i samsvar med Norsk Standard NS-EN-858-1og NS-EN-858-2.

Drift og rapportering

Verksemda er ansvarleg for at informasjonen under skal vera send kommunen innan 1. februar for føregåande år.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00