Seksjonering

Seksjonering vil seia å dela opp ein bygning i fleire eigarseksjonar (bustad- eller næringsseksjonar), slik at fleire kan eiga kvar sin del av bygningen.

Dette får du
  • Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og fordelt eventuelt uteareal til ein eller fleire seksjonar.
  • Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
  • Du får eit matrikkelbrev.
  • Ved fordeling av uteareal, får du eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedommen.
  • Koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
  • Offentlege grensemerke, om dette er mogleg og ønskeleg.

 

Slik søker du

Søknadsskjema og rettleiing finn du på Regjeringen.no.


 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00