Tilskot frå regionalt miljøprogram (RMP)Alle landbruksføretak kan søka tilskot for å gjera miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Det er mogleg å søke tilskot frå 15. september. Søknadsfristen er 15. oktober. Miljøprogramma skal fremma særskilde miljømål i jordbruket: redusera forureining til vatn og luft ivareta kulturlandskap og kulturminne tilrettelegga for friluftsliv ivareta biologisk mangfald Statsforvalteren i Rogaland har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføra. Tiltaka vert bestemte ut frå kva Statsforvalteren i Rogaland ser på som dei største miljøutfordringane i fylket. Kommunen mottek og behandlar søknadane og skal gje rettleiing til søkaren. Du finn meir informasjon om kvem som kan søka, rettleiing og søknadsmateriell på Statsforvalteren i Rogaland og på Landbruksdirektoratet. Sist endra 27.01.2023 11.40