1900-huset

1900-huset vert lånt ut gratis til lag og organisasjonar i Time.

1900-huset vart bygd i 1900 og var det andre skulehuset på Bryne. I dag fungerer huset som møtelokale for fleire lag og organisasjonar. 1900-huset er verna.

Utleige 1900-huset

Prisar

Lån av 1900-huset er gratis for lag og organisasjonar i Time.

Utleigereglar
  • Ta med eigne vaskeklutar/handklede og liknande slik at det ikkje blir liggjande gamle og sure filler her
  • Vask over bord og benker
  • Ta ut brukte kaffifilter og kast dei
  • Tøm søppelet (bossdunkane står rett utanfor huset)
  • Ta med tomflasker og boksar
  • Fei over golv/trapper ved behov
  • Ikkje gå ifrå oppvaskmaskinen med skitne ting i
  • Hald det ryddig slik at det blir greitt for neste leigetakarar å koma hit
Lokale og utstyr

Det er to rom i huset som kan leigast. Begge romma har kapasitet til 20-25 personar og er utstyrt med stolar og bord. Kvart rom har eigen kjøkkenkrok med komfyr, kjøleskap, oppvaskmaskin, vask, skap og benkeplate.

Det er trådlaust internett i lokala, men det er ikkje projektor/lerret.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

 

Kontaktinfo

Ingve Lende
Rådgiver
E-post
Telefon 51 77 61 65
Mobil 412 20 526
Stian Langeland
Fritidssjef
E-post
Telefon 51 77 61 64
Mobil 908 23 450

Adresse

Gamle Hognestadvegen 12
4340 Bryne

Kart