Ti turar i Time 2026: Tur 9, Mellomstrand - Karten - Brusaknuten - Mellomstrand
Jan Oskar Haugen
Mellomstrand – Karten – Brusaknuten – Mellomstrand
Fottur, 9,99 km, rundløype, middels
Total stigning 402 m
Tilkomst
Ti turar i Time 2026: Tur 9, Mellomstrand - Karten - Brusaknuten - Mellomstrand, startskilt
Jan Oskar Haugen
Du kan parkera på parkeringsplassen ved fylkesveg 504 (Buevegen). Det står skilta til turparkering rett etter at du har passert Husavatnet, som er det første vatnet på høgre sida av vegen etter den skarpe svingen.
QR-koden for å lasta ned løypa finn du på ein stolpe rett ved parkeringsskiltet ved driftsbygningen.
Viktig informasjon om husdyr
Hugs at du er her som gjest. Det er beitedyr i området du går gjennom, og me ber turgåarar om å visa ekstra omsyn. Følg råda på dei oppsette skilta. Lukk alle grinder du passerer.
Hundar kan utløysa farlege situasjonar, sjølv når dei er i band. Ku med kalv oppfattar ofte hundar som ein trugsel. Hald hunden tett inntil deg, og ver særleg merksam viss du møter kyr. Møter du beitedyr, hald god avstand og gå roleg forbi – eller i ein boge rundt viss dyra står nær stien. Ikkje mat dyra.
Takk for at du viser omtanke og bidreg til trygg ferdsel for alle.
Turinformasjon
Både Karten og Brusaknuten inngår i denne turen, som startar på traktorveg opp mot Kartavatnet. Ved vegkrysset følger du skiltinga vidare på traktorvegen heilt opp til Karten, 421 meter over havet. Frå dette punktet kan du nyta den vide utsikta frå den nest høgaste toppen i kommunen.
Vidare går turen ned igjen til krysset. Følg deretter vegen og den raude merkinga langs Kartavatnet og gjennom skogen før du kryssar bekken forsiktig og tek fatt på stigninga opp Bruaberget. Deretter passerer du gjerdeklyvaren på sørsida av Toraknuten, følger traktorvegen eit stykke, og tek inn på stien som leiar deg opp den siste stigninga til Brusaknuten, 432 meter over havet. Frå det høgaste punktet ikkje berre i Time kommune, men på heile Jæren, har du verkeleg storslått utsikt!
Ti turar i Time 2026: Tur 9, Mellomstrand - Karten - Brusaknuten - Mellomstrand, målskilt
Jan Oskar Haugen
QR-koden for registrering av turen finn du på skiltstolpen på Brusaknuten.
Vel framme fortset du på merka sti og driftsveg i retning mot Ognedalsstølen. Før Ognedalsstølen tek du av ved skilting og raude merkepålar mot Karten og Mellomstrand, deretter går du på gardsvegen tilbake til parkeringsplassen ved Husavatnet. Du kan óg gå same vegen tilbake som du kom opp til toppen, men då går du glipp av to Stolpejakt-stolpar …
Me håper du får ein fin tur til dei to høgaste toppane i kommunen!
Stolpejakten
I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman seks stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Ein stolpe ved driftsbygningen der turen startar (som QR-koden med turinfo òg er festa på), stikrysset der du tek av mot Karten, stolpen på toppen av Karten, stolpen som markerer toppunktet på Brusaknuten, skiltet ved Fjærakjødnå der du går mot Karten og Mellomstrand, og eit tre i skogkanten på veg tilbake mot parkeringsplassen.