Ti turar i Time 2026: Tur 7, Undheim - Fårevatnet - Snorestad - Krusaholen - Undheim
Jan Oskar Haugen
Undheim – Fårevatnet – Snorestad – Krusaholen – Undheim
Fottur, 10,54 km, delvis rundløype, middels
Total stigning 335 m
Tilkomst
Ti turar i Time 2026: Tur 7, Undheim - Fårevatnet - Snorestad - Krusaholen - Undheim, startskilt
Jan Oskar Haugen
Parkering og turstart ved Undheimshallen, nord for stadion.
Skiltet med QR-koden for nedlasting av løypa er festa på tresøyla like ved inngangen til den gamle Undheimshallen.
Viktig informasjon om husdyr
Hugs at du er her som gjest. Det er beitedyr i området du går gjennom, og me ber turgåarar om å visa ekstra omsyn. Følg råda på dei oppsette skilta. Lukk alle grinder du passerer.
Hundar kan utløysa farlege situasjonar, sjølv når dei er i band. Ku med kalv oppfattar ofte hundar som ein trugsel. Hald hunden tett inntil deg, og ver særleg merksam viss du møter kyr. Møter du beitedyr, hald god avstand og gå roleg forbi – eller i ein boge rundt viss dyra står nær stien. Ikkje mat dyra.
Takk for at du viser omtanke og bidreg til trygg ferdsel for alle.
Turinformasjon
Turen startar ved inngangen til Undheimshallen og går deretter gjennom leikeområdet på skulen, til venstre mot Bjønnholen, og så til høgre på turvegen langs Undheimsåa fram til Undheimkyrkja. Fortset ut på Bruavegen, over brua og vidare snaue 200 meter langs Litlaundheimsvegen som her deler seg. Hald til høgre og følg vegen vidare forbi Hola og opp mot høgdebassenget. Like før bassenget tek du av fra vegen, som vidare går på umerka løype. Følg tråkket opp skrenten og vidare på sti rundt vatnet til den nye gjerdeklyvaren i sørvestre enden av Fårevatnet.
Stien går vidare til ein delvis tilgrodd traktorveg som du følger gjennom skog og høgdedrag med storslagen utsikt mot Fårevatnet og store delar av Jæren. I øvre enden av Fårevatnet går du inn på ein sti som leiar fram til eit stikryss der du held til høgre i retning Snorestad. Ved vatnet lengst nord i løypa kryssar du kloppa over bekken og myra, og går vidare mot sør gjennom granskogen på Snorestad, fram til gjerdeklyvaren i skogkanten mot beiteområdet.
Ti turar i Time 2026: Tur 7, Undheim - Fårevatnet - Snorestad - Krusaholen - Undheim, målskilt
Jan Oskar Haugen
QR-koden for registrering av turen finn du på denne gjerdeklyvaren.
Du kjem nå inn i et beiteområde med storfe. Hugs råda om husdyr og hund.
Frå gjerdeklyveren følger du traktorvegen i om lag 300 meter før du tek av og går opp bakken i terrenget på umerka sti fram til den meir etablerte og tydelege stien. Herifrå følger du stien og høgdedraget vidare til du ender i sørenden av vatnet ved ein skiltstolpe med skilt som peiker mot Snorestad og Djupedal. Frå skiltet går du på stien rundt halve vatnet og startar nedturen, over gjerdeklyvar og gjennom port ved grind, via Krusaholen og vidare ut på Litlaundheimsvegen. Herifrå går du tilbake til start, same veg som du gjekk opp.
Me håper du får ein fin tur!
Stolpejakten
I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman seks stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: På tresøyla ved inngangen til gamle Undheimshallen (som QR-koden med turinfo òg er festa på), på straumstolpe bak Undheimkyrkja, på ein gjerdestolpe ved garden Hålo, på gjerdet der du først kjem til Fårevatnet, på gjerdeklyvaren i skogkanten ved Snorestad, og på gjerdeklyvaren på høgdedraget Holmaberje.