Ti turar i Time 2026: Tur 2, Kvernhallen - Stutafjell
Jan Oskar Haugen
Kvernhallen – Stutafjell
Fottur, totalt 9,34 km (4,67 km kvar veg), tur/retur, middels
Total stigning 350 m
Tilkomst
Ti turar i Time 2026: Tur 2, Kvernhallen - Stutafjell, startskilt
Jan Oskar Haugen
Parkering i området ved Frøyland skule.
Skiltet med QR-koden for nedlasting av løypa er plassert på en lyktestolpe like ved Tarzanløypa, der turen startar.
Viktig informasjon om husdyr
Hugs at du er her som gjest. Det er beitedyr i området du går gjennom, og me ber turgåarar om å visa ekstra omsyn. Følg råda på dei oppsette skilta. Lukk alle grinder du passerer.
Hundar kan utløysa farlege situasjonar, sjølv når dei er i band. Ku med kalv oppfattar ofte hundar som ein trugsel. Hald hunden tett inntil deg, og ver særleg merksam viss du møter kyr. Møter du beitedyr, hald god avstand og gå roleg forbi – eller i ein boge rundt viss dyra står nær stien. Ikkje mat dyra.
Takk for at du viser omtanke og bidreg til trygg ferdsel for alle.
Turinformasjon
Starten på løypa går gjennom boligområdet Frøylandsparken til krysset med Markvegen. Herifrå er turen ikkje merka i terrenget. Du går til venstre og vidare på grusveg og sti mot toppen av Brekkenuten der du kan nyta flott utsikt. Turen går vidare på Pannevegen fram til skiltet der det står Lindland, og vidare til du krysser fv. 220 og går gjennom grinda der. Følg traktorvegen vidare forbi Trolltjørn og start på den bratte stigninga som fører gjennom grinda i skogkanten i ytterkant av beiteområdet. Vidare går du gjennom granskogen på delvis synleg veg/sti til du ender på Stutafjell og kan nyta flott utsikt i fleire himmelretningar.
Ti turar i Time 2026: Tur 2, Kvernhallen - Stutafjell, målskilt
Jan Oskar Haugen
QR-koden for registrering av turen finn du festa til eit lite tre i området ved den største steinen på Stutafjell.
Retur går same veg tilbake. For meir informasjon og historikk om turområdet du har gått gjennom kan du lesa artikkelen som Aud Kristensen har skrive:
Unik tur til Brekkenuten mot Åsland
Me håper du får ein fin tur!
Stolpejakten
I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman fem stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Lyktestolpen der turen startar (som QR-koden med turinfo òg er festa på), toppen av Brekkenuten, leet ved Grauthodl, gjerdeklyvaren i stigninga på veg opp mot skogholtet etter Trolltjørn, og på toppen av Stutafjell.