Ti turar i Time 2026: Tur 10, sykkeltur Sandtangen - Njåskogen - Fotland mølle - Hognestad - Sandtangen
Jan Oskar Haugen
Sykkeltur: Sandtangen – Njåskogen – Fotland mølle – Hognestad – Sandtangen
Sykkeltur, 26,41 km, rundløype, middels
Total stigning 263 m
Tilkomst
Ti turar i Time 2026: Tur 10, sykkeltur Sandtangen - Njåskogen - Fotland mølle - Hognestad - Sandtangen, startskilt
Jan Oskar Haugen
Dette er jo ein sykkeltur, så det er vel ikkje usannsynleg at du kjem på sykkel – men har du bil kan du parkera på kinoplassen ved Storstova, midt i sentrum. NB! Avgiftsparkering.
QR-koden for å lasta ned løypa finn du på rekkverket på gangbrua som går frå rådhuset til Sandtangen.
Turinformasjon
Sykkelturen går over brua til Sandtangen og følger lysløypa nordover til den 230 meter lange trebrua Midgardsormen som kryssar Frøylandsvatnet. Du syklar over brua, tek kanskje ein liten stopp i gapahuken, og fortset opp bakken til vegkrysset. Her kan du velja høgre eller venstre, men turen tek uansett av frå lysløypa og vidare på turvegen i retning Siribu.
Fortset deretter til venstre i neste kryss, følg grusvegen nordover og vidare rundt til du igjen møter lysløypa du forlét. Fortset rett fram til parkeringsplassen i Njåskogen. Ta til høgre etter undergangen under Kvernelandsveien, og følg fv. 505 på gang- og sykkelvegen mot Bryne. Viss skiltet viser ÅPENT er det mogleg å ta ein stopp eller matbit på Drivhuset Bageri & Gårdsutsalg, før du syklar vidare rett fram gjennom krysset ved Ålgårdsvegen og tek inn til venstre på Krossavegen. Denne følger du til Vestlyvegen og Time kyrkje. Vidare syklar du mellom kyrkja og parkeringsplassen og følger Timevegen (fv. 4430) fram til idylliske Fotlandsfossen og Fotland mølle.
Litt historikk om Fotlandsfossen og Fotland mølle:
Fotlandsfossen er den største fossen på Jæren og har gjennom hundreår vore ein sentral ressurs i området. Den kraftige vassføringa har lagt grunnlaget for mølledrift sidan mellomalderen, og seinare for tidleg industri og vasskraftproduksjon. Rett ved fossen ligg Fotland mølle, ei industrimølle bygd i 1845, plassert over to eldre kvernhus som hadde vore i drift sidan 1200‑tallet. Mølla var i drift heilt fram til 1968 og er i dag restaurert og teke i bruk som museum, utstillingslokale og kulturarena.
Du forlèt Timevegen og fortset gjennom vakkert kulturlandskap på den lite trafikkerte Fossevegen. Kryss forsiktig Garborgvegen (fv. 505) og fortset rett fram og inn på Grødemsvegen. Du passerer golfbanen og brua over Hååna, til vegkrysset med Hognestadvegen (fv. 4380). Herifrå syklar du til Hognestad skule.
Ti turar i Time 2026: Tur 10, sykkeltur Sandtangen - Njåskogen - Fotland mølle - Hognestad - Sandtangen, målskilt
Jan Oskar Haugen
QR-koden for registrering turen finn du på stolpen i hjørnet av ballbingen ved Hognestad skule.
Turen går vidare sørover, over brua og jernbanesporet. Ta til høgre inn på Stasjonsvegen og fortset via Steinslandsvegen (fv. 4440) til Hauglandsvegen (fv. 4443). Her følger du gang- og sykkelvegen vestover, gjennom eit nydeleg landskap med vakre steingardar og velhaldne gardar, fram til Line Gardsutsalg.
Når du har handla det du treng – og dersom turløypa ikkje er stengd på grunn av beitande dyr (sjå skilting på plassen) – syklar du forsiktig vidare mellom bygga og fram til den nye turforbindelsen i beltet mellom dyrka mark og industriområdet på Håland. Løypa går vidare langs den ytre kanten av området for traktorpulling, nærmast beiteområdet, og følger deretter den nye grusvegen videre, kryssar over Brøytvegen, fram til kanalen og vidare inn i grøntområdet.
Reserveplan: Viss løypa vidare er midlertidig stengd på grunn av dyr på beite eller arrangement med traktorpulling, følger du ei enkel omkøyring vidare på gang- og sykkelvegen frå Line Gardsutsalg fram til krysset med fv. 44. Følg gang- og sykkelvegen nordover og ta inn langs Brøytvegen (fv. 4444), som du følger i om lag 100 meter.
Følg deretter løypa på kartet videre, og sving av fra G/S‑veien langs Brøytvegen. Løypa går langs kanalen gjennom det flotte park- og grøntområdet på Svertingstad fram til brua i Roald Amundsens gate, vidare langs Linevegen og under Orrevegen til fv. 44, gjennom undergangen, eit kort stykke langs Grødelandsvegen og inn Litle-Åvegen og Bekkemyrvegen, og gjennom grøntområdet der. Så følger du gang- og sykkelvegen langs Roslandsåna til brua ved undergangen, gjennom undergangen og vidare på gang- og sykkelvegen til du igjen kryssar elva.
Den siste delen av løypa går via undergangen under Arne Garborgs veg og langs Tinghaugvegen, rett fram til Nordlysvegen. Deretter følger du Nordlysvegen til Vardheivegen, tek av under jernbanen og fortset inn i lysløypa gjennom Sandtangen fram til treningsapparata. Ta gjerne ei økt eller to på apparata før du syklar vidare fram til brua der du starta.
Me håper du får ein fin sykkeltur!
Stolpejakten
I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman seks stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Ein stolpe på rekkverket på brua over til Sandtangen (som QR-koden med turinfo òg er festa på), ein benk omtrent der løypa snur i Njåskogen og vender sørover igjen, ein lyktestolpe ved Time kyrkje, infotavla ved Fotland mølle, ballbingen ved Hognestad skule og veggen på løa på Line Gard.
Når det er sagt kan du óg finna mange fleire stolpar viss du er på vakt – det ligg i alle fall eit tredvetals stolpar til i umiddelbar nærheit til sykkelløypa! Last ned Stolpejakten-appen for å finna dei – hint: Dei ligg på karta som heiter «Bryne sentrum» og «Frøylandsvatnet rundt».