Ti turar i Time 2026: Tur 1, Melsvatnet (universelt utforma)
Are M. Heiseldal
Melsvatnet (universelt utforma)
Fot-/rullestoltur, totalt 4,38 km (2,19 km kvar veg), tur/retur, enkel
Total stigning 37 m
Tilkomst
Ti turar i Time 2026: Tur 1, Melsvatnet (universelt utforma), startskilt
Jan Oskar Haugen
Turen startar frå den austlegaste parkeringsplassen ved Melsvatnet, altså den som ligg nærmast Ålgård.
Skiltet med QR-koden for å lasta ned løypa er plassert ved bommen i vestenden av parkeringsplassen – altså motsett ende av der du køyrer inn.
Turinformasjon
Løypa går på fast og grei grusvei utan store høgdemessige utfordringar, for det meste på idyllisk veg langs kanten av vatnet. Legg gjerne turen innom den universelt utforma dagsturhytta Melsbu:
Time kommune - Melsbu - Rogaland fylkeskommune
… og nytt fasilitetane som finst der.
For den som har lyst på eit bad er det ved den midtre parkeringsplassen, ca. 300 meter frå Melsbu, både sandstrand og rampe for rullestol som fører ut i vatnet. Her er det òg mogleg å låna diverse utstyr gjennom ordninga som vert administrert av frilager.no. Turen herifrå går vidare til ein benk i det nordvestre hjørnet av vatnet, der turen snur.
Ti turar i Time 2026: Tur 1, Melsvatnet (universelt utforma), målskilt
Jan Oskar Haugen
QR-koden for registrering av turen er plassert ved denne benken.
Retur er same veg tilbake til startpunktet.
Me håper du får ein fin tur!
Stolpejakten
I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman fire stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Bommen der turen startar (som QR-koden med turinfo òg er festa på), ein stolpe i utkanten av terrassen rundt Melsbu, ein stolpe på ein rasteplass eit stykke vidare langs langsida av vatnet, og på stolpen med QR-koden for registrering av turen.