Klage til Statsforvalteren og andre overodnet organ
Statsforvaltaren
Dersom du som pasient, brukar eller pårørande opplever at det ikkje blir gitt helse- og omsorgstenester eller at kvaliteten på tenestene er uforsvarleg, kan du klage. Lova skal sikre at alle får tilgang på nødvendige helsetenester og at desse er av forsvarleg kvalitet. Du kan også klage på at helsepersonell gir utilstrekkeleg eller feil informasjon, at helsepersonell bryt teieplikta eller ulovleg bruk av tvang overfor pasientar.
Les meir om klagegangen hos Statsforvaltaren i Rogaland her.
Får du ikkje medhald frå Statsforvaltaren, er ei siste moglegheit å klage til Sivilombodsmannen. På nettsida “om å klage” på sivilombodsmannen.no finn du meir informasjon om dette.
Varselordninga for dødsfall og svært alvorlege hendingar
Pasient, brukar eller næraste pårørande kan varsle Statens helsetilsyn om dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar som følgje av ytelse av helse- og omsorgstenester, eller ved at ein pasient eller brukar skadar ein annan. Adgangen til å varsle gjeld dersom utfallet er uventa ut frå pårekneleg risiko. Alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester har varslingsplikt om same type hendingar. Varsla skal sendast til Statens helsetilsyn som innhentar informasjon og avgjer om det er grunnlag for vidare tilsyn i saka.
Meir informasjon finst på https://www.helsetilsynet.no/
Norsk pasientskadeerstatning
Norsk pasientskadeerstatning behandlar økonomiske erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ei skade etter behandlingssvikt i helse- og omsorgstenesta.
Meir informasjon finst på https://www.npe.no/