Skulen skal gje opplæring i digitale verktøy for å ruste elevane til eit liv i vårt samfunn. Samtidig ser me som samfunn at den digitale utviklinga skapar utfordringar for barn og unge sin oppvekst. Skulen si oppgåve blir difor både å ha fokus på folkehelse og pedagogisk kvalitet.
Time kommune har valt å ha eit heilhetleg fokus på digital praksis i oppvekst. Det handlar både om dei digitale verktøya me bruker på skulen, og den generelle digitale påverkinga elevane møter i kvardagen. Difor har Time kommune ein overordna plan for den digitale praksisen i oppvekst.
Planen finn du her Digital praksis i oppvekst – med fokus på folkehelse og pedagogisk kvalitet – Samhandlingsmodell for Time kommune