Korleis kan de sjekke/hindre uønska innhald?
Webfilteret til Time kommune blir heile vegen oppdatert når det gjeld å stenge ute uønska innhald. Mellom anna brukar me Kripos si liste over uheldige nettsider. I tillegg stenger me ute sosiale medier og spelsider.
Tilgang til internett er noko som heile vegen krev fokus og oppdatering. Dersom de opplever at elevane har tilgangar dei ikkje burde ha, bør de straks kontakt med skulen slik at me får stenge dette ute.