Elevane i Timeskulen har ulik digital tilgang på iPaden alt etter kva trinn dei går på.
1. og 2. trinn har ein whitelista iPad. Det vil seie at dei bare har tilgang til førehandsgodkjent innhald. Elevane sin iPad skal og bare brukast på skulen. Den blir difor ikkje sendt heim.
3. og 4. trinn har og ein whitelista iPad. Elevane skal i utgangspunktet oppbevara iPaden sin på skulen, men kan få den med heim dersom det er skulearbeid som skal gjerast heime.
5.- 10. trinn har open nettilgang på iPad, men med eit kraftig webfilter. Dette filteret gjeld uavhengig av kva nett iPaden er på. Elevane kan bruka iPad både heime og på skulen. iPaden har alderstilpassa appar tildelt frå kommunen.