Korleis vil skulen handsama brot på køyrereglane for bruk av iPad?
Bruk av læringsbrett vert omfatta av ordinære ordensreglar ved skulen, samt ein eigen avtale for iPad. Dersom skulen får melding om brot på reglane, for eksempel ved at elevane tek krenkande bilete av andre, vil denne saka bli handsama på same måten som annan krenkande åtferd.
Har eleven/føresette noko erstatningsansvar viss iPaden blir øydelagt?
Viss det oppstår skade på iPad, ladar, kablar, omslag eller tastatur på grunn av uforsiktig bruk gjeld §8.5. i Forskrift om skulereglar for grunnskulane i Time kommune, som seier at eleven og/eller føresette kan bli erstatningsansvarlege, på same måte som for anna skulemateriell.
Kva skjer dersom skjermen blir knust?
iPadane er forsikra gjennom leasingavtalen. iPaden vil difor bli reparert og eleven vil få ein annan iPad i mellomtida.
Har eleven noko erstatningsansvar viss iPaden vert stolen?
Dersom læringsbrettet blir stjåle, skal tjuveriet meldast til politiet og kopi av meldinga leverast til skulen v/rektor. Eleven har normalt ikkje noko erstatningsansvar ved tjuveri så lenge kopi av meldinga er levert til skulen.
Kva gjer skulen for å sikra seg mot tjuveri?
Alle iPadane som vert brukt i skulen er «DEP-aktivert». Det vil seie at dei berre kan konfigurerast og setjast opp av Time kommune. iPadene vil derfor vera verdilause for andre enn Time-skulane. Time kommune kan og spora lokasjonen til ein iPad som er meld stjålen.
Korleis skal iPaden oppbevarast?
Til og frå skulen skal iPaden oppbevarast i sekken. iPaden er beskytta av dekselet, men ver obs på mogleg lekkasje frå vannflasker og andre gjenstander som kan skada iPaden.
Skal ein merka iPaden med namn?
Læringsbrettet kjem med eit merke med brukaridentifikasjon og serienummer på iPad. Dette skal ikkje fjernast. Dette kan vera plassert slik at det i det daglege er litt vanskelig å sjå. Det er derfor lov at eleven set på eit enkelt lite personleg klistermerke på ein lett synleg stad for betre å kjenna att sin eigen iPad, men pass på at det ikkje vert sett over skjerm, kamera eller på andre måtar som går ut over bruken. Det er ikkje lov å merka på måtar som ikkje enkelt let seg fjerna når eleven leverer inn utstyret.
Kan me byta deksel på iPaden?
Dekselet skal aldri fjernast frå iPaden (med eitt unntak; sjå neste punkt).
iPaden er blitt våt, kva gjer me?
Viss ein er rask til å tørka iPaden, går ofte dette fint. Følgande prosedyre kan medverka til eit heldig resultat:
- Slå av iPad omgåande, heilt, dvs. hald inne av-knapp.
- Ta av deksel (einaste unntak frå regel i førre spørsmålet)
- Legg til tørk på tørr og høveleg varm stad, gjerne i ei bolle ris
- Ikkje prøv å slå på iPad for å testa om den er ok
- Ta med iPad til skulen og forklar kva som skjedde.