Dei har spesielt ansvar for å uttala seg i saker som gjeld funksjonshemma og seniorane sine levekår. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ.
Har du innspel til saker som Senior- og brukarrådet bør ta opp, kan du ta kontakt med eit av dei ni medlemmane.
Kontaktinformasjon til medlemmer og varamedlemmer i senior-og brukarrådet
Senior- og brukarrådet 2023-2027. Frå venstre bak: Bitsuamlak Habte Mehari, Kjell Sund, Åse Corneliussen, Oddmund Gravdal, Astrid Holen, Ranveig Undheim, Kjell Olav Stangeland og Aud Berit Torvund. Foran: Sissel Løchen.
Are M. Heiseldal
Reglement for Time senior-og brukarråd. (PDF, 60 kB)