VM-fest på Bryne stadion

Det blir folkefest på Bryne Stadion når Noreg møter England i VM-kvartfinalen. Bryne FK riggar opp to storskjermar framfor sitjetribunen med kapasitet til 3000 tilskodarar.

Laurdag inviterer Sparebanken Norge til folkefest på Bryne Stadion, der kvartfinalen i fotball-VM mellom Noreg og England skal visast på storskjerm. Arrangementet er eit samarbeid mellom Bryne FK, Time kommune og Bryne Næringsforening.

Med Noreg klar for kvartfinalen i VM ønskjer Bryne FK å samla innbyggjarane til ei felles oppleving på heimebane. Bryne Stadion blir denne laurdagen arena for ein skikkeleg folkefest, med kampen vist på storskjerm for alle som vil oppleva han saman med resten av Jæren.

– Arrangementet er eit samarbeid mellom Bryne FK, Time kommune og Bryne Næringsforening, der Bryne FK står som teknisk arrangør. Utan støtta frå Sparebanken Norge ville arrangementet ikkje vore mogleg. Folkefesten er gratis, alkoholfri og eit arrangement for heile familien, seier Frode Hagerup.

– Denne typen arrangement viser samhaldet me har i Time kommune. Me samlar heile byen og kommunen til folkefest der alle kan heia på Noreg og ikkje minst på kommunen sin store son, Erling. Eg håpar på full stadion og at me får sendt bilete til USA, slik at Erling får sjå at heile kommunen hans er stolt av han og heiar på han, seier ordførar Andreas Vollsund.

– Me er glade for å kunna støtta eit arrangement som set barn og familiar i sentrum. Ei trygg og alkoholfri ramme rundt ein så stor kamp betyr mykje for lokalsamfunnet, og me er stolte av å bidra til at heile Bryne kan oppleva dette saman, seier banksjef Gisle Høyland i Sparebanken Norge.

Praktisk informasjon

Kva: Folkefest og fellesvising av VM-kvartfinalen Noreg – England

Kor: Bryne Stadion

Når: Laurdag 11. juli, kampstart kl. 23.00 (dørene opnar kl. 21.00)

Arrangørar: Sparebanken Norge, Bryne FK (teknisk arrangør), Time kommune og Bryne Næringsforening

Finansiert av: Sparebanken Norge

Pris: Gratis inngang

Kapasitet: 3000

Arrangementet er: Alkoholfritt og tilrettelagt for barn og familiar

Arrangementet er billettlaust, og det er førstemann til mølla.