Trafikkpåminningar til skulestart

Det nærmar seg skulestart, men allereie nå som SFO-ordningane er opne har me små trafikantar ute i trafikken som ikkje er vane med det. Her er nokre få oppfordringar frå oss!

Stor og uregjerlig hekk med to små barne-armar som stikk ut midt på - Klikk for stort bilete

Til deg som køyrer langs vegane: Pass litt ekstra på rundt sykkelstiar og gangfelt. Hugs at ungar kan bevega seg på uventa vis og ikkje er i stand til å bedømma avstand og fart like godt som vaksne.

Til deg som har ungar som skal ut i trafikken: Øv med dei! Gå eller sykla skulevegen i lag og fortel dei kor dei må passa ekstra godt på.

Og til deg som har ein hekk langs vegen: Jau då, hovudbiletet på denne sida er tøysete. Men me minner om at det er den som eig hekken som har ansvar for å klippa han, så ikkje ungane forsvinn. Ta ein hekkesjekk: Hekken skal halda seg innanfor eigedomsgrensene dine, og ikkje hindra sikten langs vegar og fortau.

Tusen hekk for hjelpen!

Kvinne som går på sykkelsti og leier eitt barn i kvar hand, sett bakfrå - Klikk for stort bilete