
Tøyveskebibliotek er eit samarbeid mellom biblioteket og barnehagane. Biblioteket står for ferdig pakka tøyvesker fylte med mange ulike bøker. Nokre tøyvesker har bøker som passar for dei yngste, medan andre er fylt med bøker for dei eldste barna.
Tøyveskene heng synleg i barnehagen slik at barn og føresette kan låna dei med heim.
Dette er eit flott tilbod, spesielt for barnehagar som har lang veg til biblioteket slik som Undheim barnehage.
10 barnehagar i Time har så langt fått tøyveskebibliotek. Ordninga vert trappa opp slik at alle barnehagane får tøyveskebibliotek.
Ordninga er ei nasjonal satsing med støtte frå Kulturrådet og Nasjonalbiblioteket.
Utdeling av tøyvesker fra biblioteket i Time
Tove Hersdal
Lesestund i Undheim barnehage
Tove hersdal