Tid for Sommarles på biblioteket - Hovedportal

Tid for Sommarles på biblioteket

Sommarles.no er ein lesekampanje som biblioteka arrangerer for barneskuleelevar i sommarferien, frå 1. juni til 31. august. Så nå er det på tide å ta turen innom biblioteket på Bryne!

To tegneseriefigurer på rød bakgrunn med tittelen "Farlege skurkestrekar" - Klikk for stort bilete

Har du nokon i hus, eller kanskje eit barnebarn, i målgruppa? Få dei med på Sommarles!

Deltakarane samlar XP (poeng) ved å løyse oppgåver, stikke innom det lokale biblioteket for å hente kodeord og – framfor alt – lesa og registrera så mange bøker dei berre orkar! Deltakarane får dessuten eksklusiv tilgang til ei spesialskriven Sommarlesforteljing – Farlege skurkestrekar – av forfattar Mari Moen Holsve.

Deltakarane vinn digitale trofé og små premiar dei kan hente på biblioteket. Det er mange forskjellige premiar å velje mellom, og deltakarane får beskjed når dei har samla nok XP til å hente ein premie.

I fjor deltok over 162 000 barn i kampanjen, som har som mål at barna skal lesa så mykje dei kan klara i løpet av ein lang sommarferie. Dei ansatte på Time bibliotek ønsker alle velkommen til å låna bøker og henta premiar i sommar! Hugs at kampanjen òg gjeld for skulestartarane, og dei som skal begynna i 8. klasse.

Les meir på sommarles.no!

PS! For dei som treng tilrettelegging i lesinga, for eksempel ved dysleksi, ADHD eller anna som gjer det vanskeleg å lesa fysiske bøker, kan ein registrera seg på Tibi (Tilrettelagt bibliotek), og få tilgang på for eksempel lydbøker. Tibi har òg Sommarles-fortellinga i tilrettelagt form.