Søk om tilskot til haustferie-aktivitetar for barn og unge

Lag og foreiningar kan òg i 2026 søka om økonomisk tilskot til gjennomføring av haustferieaktivitetar for barn og unge i Time kommune.

Tre ungdommar med kvar sin fotball i beina, foto frå brystet og ned, i haustlege omgjevnadar - Klikk for stort bilete

 

Søknadsrunden som nå har starta gjeld for aktivitetar i haustferien.

Målgruppa er barn og unge frå låginntektsfamiliar i alderen 6-19 år. Aktivitetane skal vera gratis eller ha svært låg kostnad for dei som deltek. 

I utgangspunktet er maksimalt tilskot kr 5000 per dag/25 000 kr per veke.

Tilskotet vert utbetalt etter at aktivitetane er gjennomførte.

Søknadsfrist: 15. september 2026.

Søk om tilskot