Kjære alle saman
Tenk nå er 2025 over og me har gått inn i eit nytt år, året 2026.
Det er ei stor glede å stå her i dag og ønska dykk alle eit godt nytt år. Håper alle har hatt ei fin jul og nyttårsfeiring saman med sine kjære.
Val og demokrati
Eg vil byrja med ei sak som er både kjekk og viktig: Ved stortingsvalet i 2025 hadde me rekordhøg valgdeltaking i Time! Det er verkeleg noko å vera stolte av.
I ei tid der demokratiet er under press mange stader i verda, er det ekstra viktig at me tek vare på demokratiet og bruker stemmeretten vår.
Eg må og få gratulera statsminister Jonas Gahr Støre med fire nye år.
Krig og uro
Verda rundt oss er uroleg, med krig og konflikt i Europa og elles i verda. Krigen i Ukraina har påverka oss i Time mest, og sidan invasjonen i 2022 har me teke imot fleire flyktningar enn nokon gong før. Eg er stolt over den innsatsen innbyggarar og organisasjonar i lokalsamfunnet legg ned for at det skal vera godt å koma hit, og dette viser kor viktig fellesskapet vårt er.
Det er også gledeleg at me har etablert eit godt samarbeid med våre tre vennskapskommunar i Ukraina: Baturyn, Vysoke og Borzna. I januar fekk eg treffa ordførarane derfrå, og me hadde gode samtalar om vidare samarbeid og læring.
Kommuneøkonomi og omstilling
Dei siste åra har me teke store grep for å sikra ein berekraftig kommuneøkonomi. Det har vore krevjande, men me ser at det me har gjort, hjelper: 2025 var vendepunktet og me sikter inn på godt resultat!
Eg vil takka alle tilsette som har stått på i ein krevjande periode og levert gode tenester. Me ser at Time gjer det bra på mange ulike nasjonale kåringar, og det er takka vere alle dei dyktige tilsette me har.
Intrykket mitt er at det er godt å bu og leva i Time kommune, og det skal det også vera i framtida.
Vekst og utvikling
Det er gledeleg å sjå at Time er ein kommune med folektalsvekst! Dette gir oss betre handlingsrom til å skapa gode tenester for folk. Me skal bruke denne veksten klokt, slik at alle kjenner seg inkludert og ivaretatt.
Det går godt i næringslivet og landbruket. Det er gode økonomiske resultat og meir matproduksjon enn nokon gong. Jærbuen er handlekraftig som vanleg, og det er eg stolte av.
Sport og stoltheit
Eit stjerneeksempel på ein handlekraftig jærbu har me òg sett i VM-kvaliken. Tenk at Noreg skal til VM – og det med ein ekte Brynegutt i spissen som suveren toppscorar i kvaliken. Me har blitt vande med slike prestasjonar frå Erling dei siste åra, men eg blir framleis imponert over det han får til og stolt over at han kjem frå vår vesle del av verda.
No håpar eg at det blir VM-fest på Bryne torg i sommar!
Eg vil òg nemna ein annan strålande fotball-ambassadør for kommunen vår: Tuva Hansen tok sitt tredje strake seriemeisterskap med Bayern München i vår, avanserte til kvartfinale i Champions League nå rett før jul og var dessutan sentral på landslaget som kom til kvartfinalen i EM i sommar. Og til våren startar VM-kvaliken med to lokale Bryne-jenter forhåpentligvis i troppen, Tuva og Andrea Nordheim!
Det var òg svært kjekt at Bryne sitt damelag rykka opp til første divisjon for første gong i historia. Neste år skal dei slå både Klepp og Viking – eg har trua!
Bryne sitt herrelag gjorde ein god figur i Eliteserien i år, og gav oss mange flotte augeblikk, ikkje minst sigeren mot Brann. Eg håpar og trur at dei vil kjempa om opprykk igjen i komande sesong, slik at dei kan koma seg opp i Eliteserien igjen og jekka ned byassane litt – det ser ut som dei treng det no.
Takk til alle
Så vil eg takka alle dykk som bidreg til at Time er ein god plass å bu, å leva, og å arbeida. Næringslivet, lag og organisasjonar, innbyggarar – unge som gamle. Det er saman at me skapar ein trygg og framtidsretta kommune.
Håp for 2026
Når eg nå ser framover, håpar eg på fred og stabilitet ute i verda, og fortsatt vekst i økonomien og i innbyggartalet i Time, slik at me kan fortsetta å gje gode tenester til innbyggarane i kommunen vår.
Og til slutt så ønsker eg meg eit VM-gull til Noreg, der Haaland blir toppscorar. Om ikkje, så har me i alle fall ein god grunn til å samlast på torget og heia på vegen mot finalen!
Så med det ønsker eg dokke alle eit godt nytt år.