Oppdatering om Sivdammen helsebasseng

Sivdammen helsebasseng har vore stengt sidan oktober 2024. No er den førebelse tilstandsrapporten klar, og den viser at det er behov for ei full rehabilitering av bassenget. 

Sivdammen helsebasseng

- Sivdammen helsebasseng er 30 år,  og det er ikkje uvanleg at slike basseng må rehabiliterast etter så mange år. Dersom me gjer ein skikkeleg jobb no, vil me kunna ha eit basseng med god kvalitet i mange år framover, seier Sveinung Riska, eigedomssjef i Time kommune.  

19. februar vedtok kommunestyret at bassenget skal rehabiliterast. Dette vil kosta om lag 18 millionar kroner. Bassenget vil tidlegast vera klart til bruk i midten av oktober 2025. I første omgang vil bassenget då verta brukt til lovpålagt symjeopplæring, andre grupper vil få tilgang til bassenget etter kvart.