
Etter at Trond Lie slutta som kultursjef i 2024 vart stillinga fjerna frå budsjettet. I samband med ei omorganisering som vil tre i kraft frå 1. januar er fagområda næring, kommunikasjon og kultur lagde til ei felles verksemd. Nese får ansvaret med å leia og utvikla denne verksemda.
– Eg er takksam for tilliten og ser fram til å vidareutvikla arbeidet med kultur, næring og kommunikasjon i tett samarbeid med dyktige kollegaer og engasjerte aktørar i lokalsamfunnet, seier Odd Ivar Nese.
Kommunalsjef Reid Ivar Dahl er glad for tilsettinga:
– Odd Ivar er ein erfaren og trygg leiar som vil fylla denne stillinga på ein god måte. Han har brei erfaring frå kommunen og kjenner både organisasjonen og lokalsamfunnet godt. Me er glade for å få han inn i denne viktige rolla, seier Reid Ivar Dahl.
Nese går over i ny rolle frå 1. januar.