Klede, sko og tekstilar til gjenvinning

Frå 1. januar er det nye reglar for sortering av brukte tekstilar. Dei skal i utgangspunktet ikkje lenger kastast i restavfallet.

Ein svær haug med brukte klede - Klikk for stort bilete

 

Time kommune, og kringliggande kommunar, jobbar med å få på plass ei ordning for tekstilar og klede som er øydelagde og utslitne. Det dreier seg då om reine og tørre tekstilar som er utslitne, holete eller av andre årsaker ikkje kan brukast om igjen til same formål. Slike tekstilar kan gjenvinnast, men inntil me har ei ordning på plass kan dei leverast gratis ved gjenvinningsstasjonane til IVAR:

Forus gjenvinningsstasjon, Forusbeen 200, 4313 Sandnes
Sele gjenvinningsstasjon, Kleppvegen 837, 4354 Voll

Fuktige eller tilgrisa tekstilar og klede går framleis i restavfallet.

Heilt og reint tøy, sko og tekstilar kan leverast til utplasserte kleskontainarar. Desse organisasjonane har slike kontainarar i Time kommune:

Fretex
UFF
Norge Gir 
Fileks

Takk for at du hjelper oss å sortera!