Gratis visning av Pårørendekonferansen 2026

Pårørendekonferansen er ein årleg digital konferanse arrangert av Pårørendesenteret, for pårørande og fagpersonane som møter dei. Time, Klepp og Hå kommunar inviterer til gratis felles visning av konferansen i Storstova 23. september.

Plakat for Pårørandekonferansen 2026 - Klikk for stort bilete

 

Hovudspørsmålet for årets konferanse er:

Korleis står me i ansvaret når me møter motstand?

Dette er eit arrangement for deg som er pårørande, fagperson eller bare ønsker mer innsikt i pårørenderollen. Else Kåss Furuseth er blant programleiarane, Inger Lise Hope skal synga, og på lista over foredragshaldarar finn me kapasitetar som helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, filosof Henrik Syse, Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide og tidlegare barne- og familieminister Kjersti Toppe, som nå leiar helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Arrangementet er gratis. Me serverer enkel lunsj. Hjarteleg velkomen!

Programmet finn du her: Program for Pårørendekonferansen 2026

Påmelding til visninga finn du her: Påmelding til gratis visning i Storstova