Det er ikkje ein tilfeldig premie, for det som startar denne hausten er ein lesekonkurranse som ein av verdas beste fotballspelarar har teke initiativ til.
– Eg er stolt av å kunne vera med å få ungane i Time til å lesa bøker. Eg trur dei kan finna både ei glede i lesinga og motivasjon i konkurransen som dei kan få bruk for resten av livet, seier Erling Braut Haaland i ein kommentar.
Saman med faren Alfie Haaland kjøpte han i fjor det som vart Noregs dyraste bok, den eldste utgåva av Snorre Sturlason sine kongesoger som finst i landet. Den boka gav dei til Time kommune og biblioteket på Bryne, og samtidig sa Braut Haaland at han ville starta ein lesekonkurranse på heimstaden.
1. november går startskotet for den store lesekonkurransen. Då skal elevane på mellomtrinnet og ungdomstrinnet begynna å lesa alt dei kan. Saman med lærarane skal dei gjennomføra konkurransen i to rundar, fyrst i heile november, så i heile januar. Stiftinga til Braut Haaland, EH9, har bidrege med støtte til innkjøp av bøker som skal sikra at det er nok å lesa for alle. Og når lesinga er over vert to klassar og ti individuelle vinnarar trekte ut til å reisa til Ullevaal og sjå landslaget spela kamp i påsken 2027.
Samtidig kan folk frå heile landet koma til Bryne og sjå gåva som Erling gav til heimplassen. Kongesagaen frå 1594 har fått ei eiga utstilling i andre etasje av Time bibliotek. Her kan ein både få sjå sjølve boka og læra meir om både vikingtida, Jæren si historie og den fyrste utgåva av Snorre som kom på norsk. Utstillinga skal opnast 9. november, når sjølve boka kjem til Time for fyrste gong. Då vil ordførar, elevar frå kommunen og Garborgsenteret ta imot og sikra at milliongåva kjem trygt på plass i monteren sin.
– Me er utruleg takknemlege både for sjølve bokgåva og for konkurransen som Erling har drege i gang. Utstillinga vert eit stort trekkplaster for kommunen vår, og lesekonkurransen er ein viktig dytt for at ungdommane våre skal få oppleva leseglede, med ei gjev gulrot til dei mest ivrige. Og alt dette fordi ein av verdas beste fotballspelarar kjem herifrå – og er oppteken av å fortelja det, seier ordførar Andreas Vollsund i Time kommune.
Både utstillinga og konkurransen kjem til på initiativ frå Erling Braut Haaland sjølv, men arbeidet med å utforma begge deler har vore ein dugnad. Elevane på alle skulane i Time har vore med å laga reglane for konkurransen, og Nasjonalt lesesenter ved UiS har vore rådgjevarar. Jæren Sparebank har bidrege med midlar til utstillinga, og Garborgsenteret har drive fram sluttresultatet av denne. Nasjonalbiblioteket i Oslo har teke vare på boka, digitalisert ho og hjelpt til med råd til monter og utstilling. Alt dette har vore fasilitert og leia av Time kommune i samråd med Team Haaland.
– Eg gler meg til at me endeleg skal få visa fram boka og setja i gang konkurransen, fortel Haaland. – Det er ekstra stas å kunne gjera noko slikt på staden eg kjem frå, og endå kjekkare å sjå at så mange gode folk i alle aldrar går saman om å gjera dette stort. Det er lagspel, og det er godt å vera med på laget til Time og Bryne nå i vinter, seier han til avslutning.