Årsresultatet for 2025 er klart

Når Time kommune nå legg fram årsresultatet for 2025 viser tala ei styrking av økonomien etter omfattande omstilling.

Økonomisjef Sami Munawar og kommunedirektør Trygve Apeland ståande foran hovudinngangen på Time rådhus - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

Sterkt netto driftsresultat på 4,9 %

– Me har arbeidd målretta over tid for å styrka økonomien vår, og årets resultat viser at me er på rett veg. At me klarer å løfta netto driftsresultatet frå fjorårets 0,1 % betyr at god økonomistyring og tett oppfølging i omstillingsarbeidet gjev effekt, seier økonomisjef Sami Munawar.

Resultatet kjem av mindreforbruk i tenesteområda og høgare skatteinntekter samanlikna med året før. Det er òg auka inntekter innanfor vatn, avløp og renovasjon, som vil gå til å dekka tidlegare underskot i desse tenestene.

Mindreforbruk i alle tenesteområda

For fyrste gong på fleire år har kommunen mindreforbruk i alle tenesteområda, til saman 12 millionar kroner. Til samanlikning hadde kommunen i 2024 eit meirforbruk på 26 millionar kroner.

– Dette resultatet er svært positivt for kommunen. Etter fleire år med meirforbruk i perioden 2021–2024 viser 2025 at heile organisasjonen har klart å snu utviklinga. Det krev både god økonomistyring frå leiarane våre og stor innsats frå dei tilsette. Me har òg klart å tilpassa tenestetilbodet vårt til dei som treng det mest. Eg vil gje stor honnør til alle dei tilsette, seier kommunedirektør Trygve Apeland.

Effekt av målretta omstilling

Omstillingstiltaka som vart sette i gang i 2024 hadde allereie då dokumentert effekt, og utviklinga heldt fram gjennom 2025. Kommunedirektøren er nøgd med utviklinga:

– Tiltaka me innførte i 2024 har halde fram med å gje resultat. Me var på veg mot eit meirforbruk på om lag 50 millionar kroner i 2024, men det talet var halvert ved slutten av året. At me nå får mindreforbruk i 2025 viser at grepa me har teke har hatt god effekt.

– Me har framleis noko arbeid igjen for å bygga ein berekraftig økonomi , men 2025-resultatet viser at me har god kontroll. Det gjev oss eit godt grunnlag for å handtera uføresette svingingar og nødvendige investeringar framover, legg økonomisjefen til.

Nødvendige investeringar

Kommunen har halde oppe eit investeringsnivå på 200 millionar kroner i 2025, med investeringar innan helse og velferd og VA-anlegg på høvesvis 100 og 60 millionar kroner.

– Sjølv om me har vore nøydde til å stramma kraftig inn på drifta, må me framleis investera i nødvendige prosjekt innan helse og velferd og VA (vatn og avløp) etter tydelege prioriteringar. Det handlar om å sikra kvaliteten på tenestene våre, seier Apeland.

Framover

Dei to siste åra har kommunen nytta om lag 40 millionar kroner av sine sparepengar, eller disposisjonsfond, for å gjera opp ein rekneskap i balanse. Dette gjorde ei styrking av driftsresultatet i 2025 heilt nødvendig. Kommunedirektøren understrekar at dette òg er viktig i åra som kjem:

– 2025-resultatet viser at Time kommune er på rett veg. Arbeidet med prosjektet «Berekraftige tenester 2040» held fram i 2026 i tråd med vedteken handlings- og økonomiplan 2026-2029, seier Apeland.