Gjødslingsplan

Føretak som driv med planteproduksjon må ha årleg gjødslingsplan. Manglande eller mangelfull gjødslingsplan vil føra til avkorting av areal- og kulturlandskapstilskotet. Planen skal sikra god utnytting av mineralgjødsel og husdyrgjødsel, og avgrensa tap av næringsstoff frå jordbruksareal til vatn og luft.

Gjødslingsplanen skal vera utarbeidd før kvar vekstsesong, se Forskrifta om gjødselsplanlegging. Oppsettet skal vera skiftevis, og eit kart skal visa skifteinndelinga.

For kvart skifte skal planen innehalda opplysningar om størrelse på skiftet, resultata frå jordprøvane, fôrgrøde, årets vekst, forventa avlingsnivå og gjødslingsbehov. I tillegg skal planen innehalda planlagt gjødsling av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Type gjødsel, mengder og truleg spreiingstidspunkt skal gå fram av planen.

Hugs å få med alt areal, og ver særleg merksam på leigejord. Det er den som disponerer arealet ved søknad om produksjonstilskot som har ansvar for at det ligg føre ein gjødslingsplan for arealet.

All bruk av husdyrgjødsel skal gå fram av planen

Mottek du husdyrgjødsel frå andre, eller andre disponerer spreieareal på jorda du driv, er det du som er ansvarleg for at mengd gjødsel som vert spreidd går fram av din plan. Opplysningane om husdyrgjødsel skal vera inne i planen før gjødslinga tek til. Du skal kvittera for mottak av gjødsel, og på kvitteringa skal det det gå fram dato, mengd, type gjødsel og eventuell vasstilsetting. Meir informasjon finn du under spreieareal.

Mengde gjødsel skal vera forsvarleg

For å unngå opphoping av store mengder fosfor på enkelte skifte, typisk skifta nærmast gjødsellageret, skal husdyrgjødsla fordelast på alt tilgjengeleg spreieareal. Særleg dei som nyttar konsentrert gjødsel som fjørfegjødsel må sikra forsvarleg fordeling av gjødsla.

Jordprøvar

Det skal tas jordprøvar kvart 4.-8. år, og det er på grunnlag av desse gjødselsplanen skal utarbeidast. All jord skal ha jordprøver. Det skal minimum analyserast for pH, fosfor, kalium, jordart og moldinnhald, men i tillegg kan du få analysar på kalsium, magnesium, koper og tungtløyseleg kalium. 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00