Målgruppe
ATO-avdelinga er eit kommunalt opplæringstilbod for elevar på 1. - 10.trinn, med varige behov for individuell tilrettelegging, som treng;
· særskild pedagogisk/sosial/fysisk tilrettelegging gjennom skuledagen
· høg grad av vaksenstøtte
· spesialisert kompetanse og organisering
Grunnleggande prinsipp
· Nærskuleprinsippet
Alle elevar har rett til å høyre til ved sin nærskule.
Ein føresetnad for å få innvilga plass ved ATO-avdelinga er det er gjennomført vurdering av om eleven sine behov kan ivaretakast på nærskulen.
· Barnet sitt beste
Barnet sitt beste skal vera eit grunnleggande omsyn i alle vurderingar knytt til søknad og inntak.
· Individuell vurdering
Alle søknadar skal vurderast individuelt etter gitte kriterium og gjeldande rutinar.
Generelle krav for å søkja om elevplass
1. Eleven har bustadadresse i Time kommune
2. Eleven har vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring (ITO) jmf § 11-6 i heile eller delar av opplæringstilbodet. Viss eleven ikkje har ITO i heile opplæringstilbodet, må eleven ha vedtak om personleg assistanse jmf § 11-4 i dei resterande timane/faga. Sakkunnig vurdering skal omtala begge rettane
Kriterium for prioritering av søknadar
Me tek inn elevar etter følgande kriterium og i denne prioriterte rekkefølga:
- Elevar med størst behov for fysisk tilrettelegging, særskilt organisering, spesialkompetanse hos undervisningspersonale og/eller tilrettelegging for fagleg og sosial deltaking.
- I søknadar som elles er tilnærma like, vil eldre søkjarar bli prioritert føre yngre søkjarar.
Søknadsprosess
Søknadsfrist for komande skuleår er 1. november.
Søknaden vert vurdert på grunnlag av:
· Søknad frå føresette
· Sakkunnig vurdering frå PPT
· Gjeldande enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp/individuelt tilrettelagt opplæring
· Individuell opplæringsplan (IOP)
· Evaluering av IOP
· Barnet sine synspunkt når dette er mogleg
Inntaksteam
Inntaksteamet består av:
· Representant frå fagstab oppvekst
· PPT-leiar
· PPT-rådgjevar
· Annan fagperson ved behov
Inntaksteamet vurderer alle søknadar og gjer tilråding om inntak.
Vedtak
Vedtak om plass i ATO-avdelinga blir fatta av kommunen som enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Formål med inntaket
Målet med inntaksordninga er å sikre:
· Likebehandling av søkjarar
· Open og føreseieleg saksbehandling
· At elevar med størst behov blir prioriterte
· At avgjerdene byggjer på barnet sitt beste og faglege vurderingar
Lenke til søknadsskjema