Samordning av rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT) - Hovedportal

Samordning av rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT)

Kommunane i Noreg har, saman med politiet, eit ansvar for å førebyggje kriminalitet.  For å styrkje dette arbeidet er det etablert ein nasjonal modell for samordning av det lokale kriminalitetsførebyggjande arbeidet (SLT).  Arbeidet vert koordinert av ein lokal SLT-koordinator.

Ta kontakt med SLT-koordinator dersom du:

  • treng råd om kven du bør vende deg til i førebyggjande arbeid retta mot barn og unge i Time kommune
  • er uroa for radikalisering eller valdeleg ekstremisme

Ansvar for SLT-koordinator

SLT-koordinatoren har ansvar for samarbeid og dialog med politiet, og skal bidra til godt samspel mellom interne og eksterne aktørar. Målet er å sikre heilskapleg og koordinert oppfølging av barn og unge som har begått, eller står i fare for å begå, lovbrot.

Arbeidet skjer mellom anna gjennom desse samhandlingsarenaene:

  • Operativ SLT-gruppe, med deltaking frå relevante interne og eksterne aktørar
  • Oppvekstteam, med deltaking frå private, offentlege og frivillige aktørar i Bryne sentrum, Frøyland, Undheim og Lye
  • Politiråd, der kommunen og politiet samarbeider om det overordna kriminalitetsførebyggjande arbeidet

Kontaktinfo

Ragnhild Hobberstad
Rådgiver
E-post
Telefon 99 77 22 04
Mobil 99 77 22 04
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00