Søk om barnehageplass
Det er felles elektronisk søknadsskjema for kommunale og private barnehagar i Time.
I søknaden kan ein velga inntil 6 barnehagar i ønska rekkefølge. Me anbefaler å søka meir enn ein barnehage. Får ein ikkje plass i barnehagen som er på førsteval er det greit at foreldre har fleire barnehagar på lista. Time kommune er opptakskrets. Er det ikkje ledig plass i nokre av barnehagane som er søkt, vil opptakssystemet finna ein ledig plass i ein barnehage i opptakskretsen som har ledig plass. Ein kan takka ja eller nei til plassen, og fortsatt stå på venteliste til høgare prioritet.
Treng du hjelp til å søka, eller tilgang til datamaskin, kan du ta kontakt med Innbyggarservice på telefon 51 77 60 00, eller ved å møta dei i Time rådhus.
Søk om barnehageplass
Endra barnehageplass eller barnehagetilbod
Viss du vil søka om endring av barnehagetilbodet gjer ein det ved å senda elektronisk søknad i foresatt portalen, same plass som du søker eller seier opp plassen. Ver obs på at om ein har barnehageplass i ein barnehage , men vil søka om ny plass i annan barnehage, då mister ein automatisk nåverande plass om ein vert tildelt ny plass.
Endra barnehageplass
Svara på tilbod om barnehageplass
Logg inn i foresattportalen for å svara på tilbod om barnehageplass
Svara på tilbod
Ha de spørsmål kan de senda til:
barnehageopptak@time.kommune.no