Dette skjemaet er unntatt offentligheit.
Opplysningane du gjev vert behandla konfidensielt. Det betyr at ingen andre kan sjå det du fyller inn her. Du har rett til innsyn i dei dokumenta som gjeld saka di.
Her kan du lese i lov om pasient- og brukerrettigheter.
Betaling
Ein del tenester er betalingspliktige, og betaling vert kravd etter gjeldande forskrifter. Her finn du avgifter og prisar for Time kommune.
Klage- og innsynsrett
Mottatte vedtak på søknadar er enkeltvedtak og kan klagast på etter reglar i forvaltningsloven.
Lagring og bruk av opplysningar
Dersom du søker om eller tar i mot kommunale helse- og omsorgstenester, vert det registrert opplysningar om deg og behovet du har for hjelp. Desse opplysningane er ein del av journalen din og er konfidensielle.
Berre dei som treng det i arbeidet sitt skal ha tilgang til opplysningane, og dei har teieplikt.
Nokre av opplysningane vert registrerte etter ein eigen standard (IPLOS) og sende til kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Dette vert brukt til forskning og analysar, for å utvikla og betra helse- og omsorgstenestane i kommunane.
Time kommune lagrar all informasjon som er henta inn om brukarane i ein elektronisk pasientjournal. Denne er konfidensiell. Du som brukar har rett til innsyn i denne journalen.
Les meir på nettsida vår
Time kommune har etter loven ansvar for å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester som du kan lesa meir om på nettsida vår her.