• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Personopplysingar

Før du gjev opp personopplysningar må du samtykkja i personvernerklæringa

Personvernerklæring for utfylling av elektroniske skjema frå Time kommune
Denne erklæringa fortel korleis Time kommune tar vare på personvernet ditt. Time kommune vil at du som brukar tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar blir følgde og at datatryggleiken er tatt vare på. Til ei kvar tid dokumenterer vi sikker behandling av data etter dei påbod som gjeld. ACTime(leverandør av datasystem) er databehandlar, medan Time kommune er mottakar, eigar  og ansvarleg for behandlinga av opplysningane du gir. Eigarforholdet er regulert av ein egen databehandlingsavtale.

Omgrep (sjå personopplysningsloven § 2)

personopplysing:  Informasjon og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson.

ansvarleg for behandling:  Mottakar, den som bestemmer formålet med personopplysningane (Time kommune)

databehandlar:  Den som leverer det tekniske systemet som sender opplysningane til Time kommune (ACOS).

Kva skal Time kommune med personopplysningane?
Opplysningane gjer Time kommune i stand til å behandle saka di.

Korleis blir opplysningane sende?
Opplysningane du fyller inn og sender elektronisk, blir sendt til Time kommune via ACOS, leverandør av datasystemet.

Nokre av skjemaa kan ikkje sendast inn elektronisk. Desse kan du fylle ut på datamaskin, men du må skrive dei ut og sende dei med post. Det er viktig at du ikkje lagrar ferdig utfylte skjema lokalt på datamaskinar som er tilgjengelege for andre enn deg sjølv, for eksempel på bibliotek eller i andre offentlege rom. Du er sjølv ansvarleg for at filer du lastar ned for å skrive dei ut, ikkje blir lagra slik at uvedkommande kan få tilgang på informasjonen.

Kva blir lagra?
Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID kan du kva tid som helst avbryte utfyllinga og eventuelt hente han opp att for vidare utfylling seinare. Opplysningane du har skrive inn, ligg då på serveren til ACOS, og blir ikkje tilgjengelege for Time kommune før du bestemmer deg for å sende inn søknaden. Når du vel å sende inn skjema, samtykker du i at Time kommune kan ta i mot opplysningane. Nøkkelopplysningar frå innsendte søknadar blir henta opp automatisk når du startar ein ny søknadsprosess.

Dersom du ikkje loggar deg på, blir opplysningane sletta frå serveren til ACTimeså snart du sender inn skjema, eller avbryt utfyllinga ved å lukke nettlesaren eller klikke på avbryt.

Er teknologien sikker?
Alle opplysningar som mellom datamaskinen du skriv på, og serveren til ACTimegår over kryptert linje (SSL). Løysinga svarar til tryggleiken som er brukt i nettbankar.

Erklæringa følger loven
Denne personvernerklæringa følger personopplysingsloven av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Du har rett til innsyn og rett til sletting av personopplysingar
Du kan be om å få sjå opplysingane vi har registrert om deg til ei kvar tid. Dette gjer du ved å sende ein førespurnad til post@time.kommune.no. Dersom du finn feil i opplysningane, kan du krevje å få dei sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i det elektroniske søknadssenteret, kan du sjølv gjere ei slik sletting. Dette er etter personopplysningsloven § 18 og retting etter same lov § 27 og § 28.

Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.

Du kan unnlate samtykke
Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok tatt i vare, vil du ikkje kunne bruke det elektroniske søknadssenteret til Time kommune. Då må du kontakte kommunen på ein annan måte. Trykk vekk denne dialogboksen eller lukk nettlesarvindauget for å unnlate samtykke.

Spør oss
Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, kan du kontakte oss:

Time kommune
Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
Telefon: 51 77 60 00
Telefax: 51 48 15 00
Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
E-postadresse: post@time.kommune.no