Kva skule
elevane høyrer til er heimla i Opplæringslova § 8-1 første ledd første punkt.
Her står det at elevane: «har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller
ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til».
Dette
vert kalla for nærskuleprinsippet. I praksis betyr dette at elevane har rett
til å gå på den skulen som ligg fysisk nærmast, eller som dei soknar til. Det
er utarbeidd kart som viser rettleiande inntaksgrenser.
Det er
fritt skuleval i Time kommune. Dette medfører at føresette kan søkja om plass
til sin elev ved ein annan skule enn det som følgjer av rettleiande
inntaksgrenser og nærskuleprinsippet. Om skulen har ledig elevplass, vil
søknaden bli innvilga. Elevar som høyrer til skulen etter rettleiande
inntaksgrenser, har første prioritet for plass.
Retten til skyss følger inntaksgrensene. Om føresette ønskjer ein annan skule enn det
som er sett ut frå rettleiande inntaksgrenser, er ein sjølve ansvarlege for
skyss.
For å
gjere det føreseieleg for alle partar er gjeldande prinsipp at ein søkjer innan
1. desember for komande skuleår.
Dersom
ein ønskjer å søkja plass i ein anna kommune enn der eleven er busett, må ein
kontakta bustadskommunen for rettleiing om framgangsmåte.
Informasjon
om saksbehandling:
- Søknad
om opptak ved anna skule blir behandla individuelt av kommunen, og resulterer i
eit enkeltvedtak. Ein kan klaga på vedtaket, jf. Forvaltningslova § 28.
- Søknaden
blir behandla under føresetnad at begge føresette er informert og samtykker til
søknaden. Vedtaket vil bli sendt til begge føresette, med mindre det er
juridiske årsaker.