• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

Søknad om redusert foreldrebetaling

Les dette før du fyller ut skjemaet

Veiledning og informasjon til søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage

Ei moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betala meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. I tillegg kan familiar med låg inntekt søkja om gratis kjernetid (20 timar pr veke) for 2-, 3-, 4- og 5 åringar.

Foreldre som har rett på redusert sats etter nasjonale reglar, må søkja om dette. Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal behandla søknad om reduksjon i foreldrebetalinga.

Inntekter som skal reknast med:

  • Foreldrebetalinga skal reknast ut frå den samla skattepliktige person- og kapitalinntekta til husstanden
  • Som ein husstand reknast ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar

  • Som sambuarar reknast to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller som har felles barn

  • Bur barnet fast i to heimar, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta til den forelderen som har same folkeregisteradresse som barnet

Innhenting av opplysningar om inntekt

  • Time kommune innhentar opplysningar om inntekt som trengs til behandling av søknaden. Om ein ikkje ønskjer at Time kommune skal innhenta opplysningar, eller om ein har tilleggsdokumentasjon må det leggjast ved søknaden

Grunnlag for berekning av inntekt

  • Sjølvmelding (ane) frå året før. Denne vil normalt innehalda dei fleste skattepliktige person- og kapitalinntekter. Finnes på Altinn.no
  • Søkjar er pliktig til å opplysa om det er skattepliktige person- og kapitalinntekter som ikkje er registrerte på sjølvmeldinga

Tilleggsdokumentasjon:

  • Dersom ein ikkje kan leggja fram sjølvmelding, som følgje av kort butid i landet, kan søkjar leggja fram anna dokumentasjon for inntekt
  • Dersom inntekta er vesentleg redusert frå forrige års sjølvmelding kan det i tillegg til sjølvmelding leggjast med dokumentasjon som bekreftar tap av inntekt

  • Kommunen tek i slike tilfeller ei skjønnsmessig vurdering av kva dokumentasjon som trengs, og korleis foreldrebetalinga skal bereknast

Ved vesentleg endra inntekt:

  • Ved vesentleg og varig endring av inntekt samanlikna med siste års sjølvmelding, kan søkjar i tillegg til fjorårets sjølvmelding leggja fram annan dokumentasjon for inntekt
  • Med vesentleg endring meiner ein stort inntektstap i form av arbeidsløyse i lengre tid, endring i samansetninga av husstanden eller liknande.

Søskenmoderasjon:

  • Husstandar med fleire barn i barnehage som får innvilga redusert foreldrebetaling, får reduksjon for alle barna, med søskenmoderasjon i tillegg
  • For 2.barn betaler ein 70% av det ein betaler for første barn, og for det 3. eller fleire barn er barnehageplassen gratis

Søknadsprosessen:

  • Husstanden kan søkja om redusert betaling uavhengig av om barnet går i ein kommunal eller privat barnehage
  • Søknaden gjeld ut påbegynt barnehageår

  • Det må søkjast om redusert betaling for kvart barnehageår

  • Eit barnehageår er frå oppstart ca 15.august og til ca 15.august året etter

  • Redusert betaling gjeld frå månaden etter at søknad er innvilga

  • Det vert normalt ikkje gitt reduksjon i foreldrebetalinga med tilbakeverkande kraft.

Endring i løpet av barnehageåret:

  • Dersom det skjer vesentlege og varige endringar i løpet av eit barnehageår, kan ein søkja om redusert foreldrebetaling når det er behov for det

Ved spørsmål kan ein henvenda seg til fagstab i oppvekst eller servicetorget i Time kommune telefon 51776000


Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du treng hjelp til utfyllinga.
  2. Skjemaet lagrar svara undervegs i utfyllinga. Dersom du vel å avbryte ved f.eks. å lukke nettlesarvindauga eller trykke på Avbryt-knappen og deretter stadfestar at du vil avbryte utfyllinga, vil all informasjon verta borte.
  3. Ingenting vert sendt inn før du sjølv ber om det, ved å velgja Send inn-knappen. Han kjem fram etter at opplysningane er kontrollert og godkjent på oppsummeringssida.

Utfylling og bruk

Klikk på hjelpesymbola for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt utan aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øvst til høgre dersom du treng hjelp undervegs i utfyllinga.

Vent...

Loader