Veiledning og informasjon til søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage
Ei moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betala meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. I tillegg kan familiar med låg inntekt søkja om gratis kjernetid (20 timar pr veke) for 2-, 3-, 4- og 5 åringar.
Foreldre som har rett på redusert sats etter nasjonale reglar, må søkja om dette. Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal behandla søknad om reduksjon i foreldrebetalinga.
Inntekter som skal reknast med:
• Foreldrebetalinga skal reknast ut frå den samla skattepliktige person- og kapitalinntekta til husstanden
• Som ein husstand reknast ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar
• Som sambuarar reknast to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller som har felles barn
• Bur barnet fast i to heimar, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta til den forelderen som har same folkeregisteradresse som barnet
Dokumentasjon som skal følgja med søknaden:
• Sjølvmelding (ane) frå året før skal alltid leggjast med. Denne vil normalt innehalda dei fleste skattepliktige person- og kapitalinntekter. Finnes på Altinn.no
• Søkjar er pliktig til å opplysa om det er skattepliktige person- og kapitalinntekter som ikkje er registrerte på sjølvmeldinga
Tilleggsdokumentasjon:
• Dersom ein ikkje kan leggja fram sjølvmelding, som følgje av kort butid i landet, kan søkjar leggja fram anna dokumentasjon for inntekt
• Dersom inntekta er vesentleg redusert frå forrige års sjølvmelding kan det i tillegg til sjølvmelding leggjast med dokumentasjon som bekreftar tap av inntekt
• Kommunen tek i slike tilfeller ei skjønnsmessig vurdering av kva dokumentasjon som trengs, og korleis foreldrebetalinga skal bereknast
Ved vesentleg endra inntekt:
• Ved vesentleg og varig endring av inntekt samanlikna med siste års sjølvmelding, kan søkjar i tillegg til fjorårets sjølvmelding leggja fram annan dokumentasjon for inntekt
• Med vesentleg endring meiner ein stort inntektstap i form av arbeidsløyse i lengre tid, endring i samansetninga av husstanden eller liknande.
Søskenmoderasjon:
• Husstandar med fleire barn i barnehage som får innvilga redusert foreldrebetaling, får reduksjon for alle barna, med søskenmoderasjon i tillegg
• For 2.barn betaler ein 70% av det ein betaler for første barn, og for det 3. eller fleire barn betalar ein 50% av det ein betaler for det første barnet
Søknadsprosessen:
• Husstanden kan søkja om redusert betaling uavhengig av om barnet går i ein kommunal eller privat barnehage
• Søknaden gjeld ut påbegynt barnehageår
• Det må søkjast om redusert betaling for kvart barnehageår
• Eit barnehageår er frå oppstart ca 15.august og til ca 15.august året etter
• Redusert betaling gjeld frå månaden etter at søknad er innvilga
• Det vert normalt ikkje gitt reduksjon i foreldrebetalinga med tilbakeverkande kraft.
Endring i løpet av barnehageåret:
• Ein pliktar å informera kommunen om endringar i inntekter og /eller sivilstatus. Det gjeld også ved auka inntekt som medfører at rett til redusert foreldrebetaling fell bort
• Dersom det skjer vesentlege og varige endringar i løpet av eit barnehageår, kan ein søkja om redusert foreldrebetaling når det er behov for det
Ved spørsmål kan ein henvenda seg til fagstab i oppvekst eller servicetorget i Time kommune telefon 51776000