Målaravlesing på SMS
Me sender ut SMS til alle fakturamottakarar som er registrerte med mobilnummer. Dersom du har fått SMS, registrerer du målarstanden din ved å klikka på lenka i SMS-en. Når du klikker på lenka, kjem du direkte til ei nettside for registrering av ny målarstand og treng ikkje nokon informasjon om pålogging. Registrer inn den nye målarstanden, kven denne er avlest av og send inn.
Dersom du har fått installert ny, automatisk vassmålar, slepp du nå å registrera målarstanden sjølv. Så lenge me får kontakt med målaren din vil målarstanden verta registrert automatisk.
Dersom du ikkje har fått SMS, men ønsker dette til neste år, kan du sjekka om mobilnummeret ditt er registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Bur du i eit sameie som mottar felles faktura på kommunale avgifter eller i eit burettslag, vil det ikkje vera mogleg å motta SMS for vassmålaravlesing. Bedrifter som ønsker å motta sms må ta kontakt med kommunen for å få dette registrert.
Har du vassmålar av den nye typen, treng du ikkje å lesa av målarstanden sjølv i år, det går automatisk.Målaravlesing på internett eller papir
Me sender ut vassmålarkort til alle som ikkje får SMS. Du vil motta dette i di digitale postkasse eller i Altinn, dersom du har dette. Har du verken SMS eller digital postkasse vil du få vassmålarkortet i posten.
På vassmålarkortet finn du all nødvendig informasjon for å registrera målarstanden. Registreringa har tidlegare skjedd på leverandøren si nettside, men leverandøren har avslutta denne tenesta, så i år vil lenka leia til kommunen sine nettsider, og der treng du BankID for å logga deg inn.
På vassmålarar av den gamle typen er det tala på svart bakgrunn, innanfor den raude firkanten, som skal lesast av.Du kan òg senda inn vassmålarkortet i posten eller på e-post.
Kontroll av vassmålaren
Du har sjølv ansvar for regelmessig kontroll av vassmålaren. Me gjer merksam på at vasslekkasje(-ar) vert registrert på tellerverket som forbruk og at du må betala for det. For å oppdaga lekkasje er det derfor lurt å sjekka vassmålaren jamleg.
Frist for avlesing
Frist for avlesing av vassmålaren er i desember kvart år.
Har du spørsmål?
Ta kontakt på telefon 51 77 62 05 eller e-post okonomi@time.kommune.no