Feittutskiljar

Det er ulovleg å sleppa feitt ut i avløpsnettet (referer forskrift om påslepp av feittholdig avløpsvatn). Derfor skal alle verksemder som produserer eller serverer mat, ha feittutskiljar.

Fett i avløp fører til driftsproblem og med tida tette røyr som gjer avløpstenesa dyrare for deg. Får du tette røyr på ditt private nett, kan du òg risikera tilbakeslag, og at du må betala heile utbetringa sjølv. Tilbakeslag vil seia at avløpsvatnet ikkje kjem gjennom røyret, men tilbake opp gjennom sluken.  Er det nok mat og fett i røyra, treng ikkje rottene å forlata kloakken for å finna mat, og då formeirar dei seg raskt.

Søka om å etablera feittutskiljar
Drift og rapportering