Drømmeplan – kva gjeld for eigedomen din?

💬 Om Drømmeplan

Drømmeplan er Time kommune si nye digitale kartløysing for reguleringsplanar.
Her kan du søkja opp eigedomen din og sjå kva planar som gjeld – på ein enkel og forståeleg måte.

Løysinga gjer det lettare å finna ut kva som er mogleg på din eigedom, og kva reglar som gjeld for området du bur i.

 

https://dibk-drommeplan.azurewebsites.net/

 

📍 Kva er Drømmeplan?

Drømmeplan gjer det enklare for deg som innbyggjar å sjå kva reglar og planar som gjeld for eigedomen din.
Du kan søkja på adresse, gards- og bruksnummer, eller finna eigedomen din direkte i kartet.

Når du klikkar på eit område i kartet, får du ei kort og lettfatteleg oppsummering av gjeldande reguleringsplan – til dømes kva føremål området har, kor mykje du kan byggja, og om det finst spesielle føresegner.

 

🗺️ Kvar gjeld Drømmeplan?

Drømmeplan dekkjer i første omgang dei fleste regulerte områda på Bryne, Hognestad, Undheim og Ree.
Vi jobbar med å leggja inn fleire område etter kvart.

Det betyr at ikkje alle eigedomar er tilgjengelege i kartet enno.
Dersom du ikkje finn informasjon om eigedomen din, betyr det at planen for området ikkje er lagt inn i løysinga endå – men den kjem etter kvart.

 

🧩 Dette kan du bruka Drømmeplan til

Med Drømmeplan kan du:

  • finna ut kva du kan byggja på eigedomen din
  • sjå reguleringsføremål, byggegrenser og høgder
  • få lenkjer til detaljføresegner og planfiler

 

💡 Slik brukar du løysinga

  1. Gå til kartløysinga for Drømmeplan Time
  2. Skriv inn adresse eller gards- og bruksnummer i søkefeltet
  3. Klikk på eigedomen din i kartet
  4. Les oppsummeringa og eventuelle planføresegner
  5.  

Viktig å vita

  • Drømmeplan er eit informasjonsverktøy – den viser gjeldande reguleringsplanar på ein forenkla måte.
  • For offisiell dokumentasjon må du framleis sjå i planarkivet eller Kommunekart.
  • Dersom du planlegg bygging eller tiltak, må du alltid ta kontakt med kommunen for å avklara detaljar og eventuelle dispensasjonar.