Folkehelse

Folkehelseplan for Time kommune 2024-2027 drøfter både kommunen sine utfordringar og løfter fram dei positive faktorane som er med på å skapa god folkehelse. Kunnskapsgrunnlaget er henta frå nasjonal og regional statistikk, i tillegg til kunnskap og erfaringar frå kommunal helse- og omsorgsteneste og utviklingstrekk i kommunen.

Folkehelseinstituttet har publisert Folkehelseprofil 2025 for Time kommune.

Ut frå tilgjengeleg kunnskap har kommunen drøfta og prioritert dei viktigaste utfordringane. Saman med politikarar, representantar for innbyggarar og tilsette har ein kome fram til fem prioriterte område.

Prioriterte område skal inn i plan– og tiltaksarbeid på tvers av kommunalområda.

Time kommune har inngått avtale om «Partnarskap for folkehelse» med Rogaland fylkeskommune. Avtalen gjeld frå 2022 og fram til ny Regionalplan for folkehelse er utarbeidd, og forpliktar kommunen til å arbeida for å fremma god helse og utjamna sosiale helseforskjellar.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00