Garborgheimen

Garborgheimen er diktaren Arne Garborg (1851-1924) sin barndomsheim og eit godt bevart jærhus.

Jærhuset vart bygd i 1848, og det budde folk i huset til 1947. Arne Garborg vart fødd og vaks opp i huset. Han budde der til han var 15 år gammal. Innventaret i huset er tidsautentisk, med nokre få gjenstandar som òg er stadsautentiske.

Garborgheimen er eitt av dei beste døma som finns att av hustypen jærhus, kanskje noko av det mest typisk jærske som finns. Slik har huset òg ein museal verdi ut over å vera barndomsheimen til Arne Garborg.

Museet vert drifta av Jærmuseet.
 

Opningstider
Billettprisar og bestilling av formidling

Kontaktinfo

Nasjonalt Garborgsenter
E-post
Telefon 47 77 60 20