Kva er tryggleiksalarm og GPS

Tryggleiksalarm består anten av ein stasjonær tryggleiksalarm som blir montert i heimen eller mobil tryggleiksalarm/GPS.

Kven kan få tilbod om tryggleiksalarm eller GPS?

Dersom du bur i Time kommune og har eit hjelpebehov på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing, eller har behov for å førebyggje sjukdom og funksjonsnedsetjing, kan ein tryggleiksalarm vere ei støtte for å gi auka tryggleik i kvardagen. 

Har du vanskar med å finne vegen heim/orientere deg når du beveger deg utandørs, kan ein GPS vere ei alternativ løysing. Føresetnaden er at du har pårørande eller andre som kan rykke ut dersom du har behov for assistanse. 

Du må ha tilstrekkeleg kognitiv og fysisk funksjonsevne for å betene alarmen som tiltenkt. Du må samtykke til bruk. For personar utan samtykke, er det eigne reglar, sjå lovgrunnlag. 

 

Søke om tryggleiksalarm

 

Stasjonær tryggleiksalarm
GPS
Kva koster det?
Kva forventes av deg?
Kontaktinformasjon
Lovgrunnlag