Klage på helse og velferdstenester

Her er ei oversikt over dei ulike ordningane som finst når pasientar eller andre opplever svikt i helse- og velferdstenesta. Den fortel deg både kvar du kan klage eller varsle og kven som kan hjelpe deg med dette. 

Kvar kan du klage eller varsle? 

Hovudanbefalinga er at uønskte hendingar blir tatt opp direkte med dei som har levert helse- og velferdstenesta, eventuelt deira leiarar. Alle tenester skal ha ordningar for dette. Henvendingane kan vere skriftlege eller munnlege. Ta direkte kontakt med den avdelinga du får tenester frå. Du kan også ringe Innbygggarservice i kommunen, 51 77 60 00 for å få oppgitt nummer til den avdelinga du vil kontakte. 

Klage på vedtaket
Klage på tenesten
Klage til Statsforvalteren og andre overodnet organ
Kven kan hjelpa deg med å klage eller varsle?