Syn- og hørselskontakt

Time kommune har samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentralen i Rogaland.
Tilbodet gjeld alle aldersgrupper.

Skjema for synskontakt


Skjema for høyrslekontakt

 

Syn:

Hovudkriteriet for å fylle vilkåra for synshjelpemiddel er når synsskarpheita di er redusert til 0,33 eller dårlegare. I tillegg kan alvorlege synsfeltdefektar, nedsett kontrastsyn eller dårleg mørkesyn òg gi deg rett til synshjelpemiddel.

Første gong du søkjer om synshjelpemiddel, må du leggje ved dokumentasjon frå augelege som viser at du har ein augesjukdom. Før du søkjer om hjelpemiddel, bør du sjekke om du har oppdaterte briller. Dette gjer du hos optikar.

Høyrsel:

Du må som hovudregel ha fått diagnostisert eit høyrselstap av øre-nase-hals-spesialist for å ha rett på høyrselshjelpemiddel.

 

Synskontakt
Hørselskontakt
Korleis få kontakt med syn- og hørselskontakt?

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00