PPT

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) samarbeider med og hjelper barnehagar og skular med å gje eit inkluderande tilbod til barn og unge som har behov for tilrettelegging. PPT støttar barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling, og utarbeidar sakkunnige vurderingar av barn, unge og vaksne sine særlege behov.   

PPT skal arbeida med førebygging og tidleg innsats. Det førebyggande arbeidet handlar om å støtta og rettleia barnehagar og skular i vurderinga av barn og elevar sine behov for tilrettelegging, samt å setta inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengs. 

Time PPT mottek søknader om individuelt tilrettelagd opplæring for vaksne. Innbyggjarar som ikkje er deltakarar ved Bryne kompetansesenter skal ta kontakt med Teneste- og samordningskontoret tlf. 476 08 160 ( bemanna kvardagar frå kl. 08- 15)  som vil vurdera om saka omhandlar omsorgstenester eller opplæring. Ved opplæring blir saka tilvist PPT.  

Ei tilvising til PPT kan ha mange og samansette årsaker

  • Mistanke om forsinka utvikling
  • Språk- og kommunikasjonsvanskar
  • Lærevanskar
  • Fagvanskar
  • Vanskar med konsentrasjon og merksemd
  • Åtferdsvanskar
  • Sosiale og emosjonelle vanskar
  • Funksjonshemming

 

Besøksadressen vår er :

Morenefaret 1
Bryne

Kontaktinfo til våre tilsette i PPT

Våre tilsette i PPT

Kontaktinfo

Silje Helland Sotnakk
Verksemdleiar PPT
E-post
Mobil 90 17 64 93
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00