Varsel om oppstart - Plan 0506.00- Områdeplan for Storgata

Time kommune starter reguleringsarbeid for Plan 0506.00- Områdeplan for Storgata, i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-2. 

 

 

Formål med planarbeidet

Norconsult AS er engasjert av Time kommune til å regulera Storgata i Bryne til gågate. Dette er etter kommunedelplan for Bryne sentrum. Formålet er å skapa ei attraktiv handlegate for gåande og å leggja til rette for varelevering, renovasjon og utrykkingskøyretøy. Gågata strekker seg frå Reevegen i vest til Jernbanevegen i aust.

 

Korleis gje innspel:

Me vil gjerne høyra meininga di. Eventuelle kommentarar kan du senda til:

Norconsult AS v/Anna Grødem, Jåttåflaten 27, 4020 Stavanger eller til

anna.elise.johannessen.grodem@norconsult.com med kopi til post@time.kommune.no

Merk med Plan 0506.00.

 

Spørsmål?

Har du spørsmål knytt til planarbeidet kan du ta kontakt med Time kommune v/Wibecke Natås, fagleder Plan, wibecke.natas@time.kommune.no

Me ber om at eventuelle leigetakarar vert orienterte.

 

Frist for merknader er: 14.03.2018

 

 

Prosess og vidare medverknad

Mottatte merknader til varsel om oppstart vil ikkje verta svarte på med brev, men vert vurderte og kommenterte når planforslaget vert lagt fram til politisk behandling. I tillegg til ordinær høyring og offentlig ettersyn av planforslaget, vil det verta mogleg å følgja  prosessen gjennom sosiale media og kommunen si nettside. Det vil også verta lagt opp til eit felles informasjonsmøte for dei grunneigarane dette gjeld med eigen invitasjon.

 

1. Plangrense (PDF, 2 MB)

Publisert av Anita Helstrup. Sist endra 29.01.2018
Fann du det du leita etter?