Matavfallsposar

Slik får du tak i matavfallsposar: Heng ein matavfallspose, eller skriv og heng ein lapp, på ein av dunkane dine.

Renovasjon - Matavfallsposar

Posar til burettslag/sameige og liknande

Abonnentar som har felles oppsamlingsdunkar får utdelt matavfallsposar på førespurnad. Når burettslaget er tom for posar, ta kontakt med Innbyggarservice i Time kommune: service@time.kommune.no. Skriv tydeleg kva burettslag/sameige det gjeld, adresse og kontaktperson med telefonnummer. Opplys gjerne også om kor de vil posane skal leggjast hen.

Ekstrasekker

Kvitteringsmerke for ekstra avfallssekk kan du kjøpa hjå Innbyggarservice på rådhuset. Merka kostar kr. 50,- per stykk, og kan nyttast for alle avfallsfraksjonar. Ekstrasekken skal setjast ved rett type avfallsdunk (papir ved papir, restavfall ved restavfall).

Det er renovatøren som deler ut matavfallsposar og plastsekkar for plastemballasje. Ein husstand bruker normalt 1-2 rullar med plastsekkar og 2-4 rullar med matavfallsposar i året.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00