Vardheia ungdomsskule, idrettshall og turnhall og tilhøyrande uteanlegg

Arbeidet med den nye ungdomsskulen starta for eit halvt år sidan. Me ønsker å informera om arbeidet som pågår og planlagt framdrift.

Skulen sett frå sør mot nord. 17.03.20 - Klikk for stort bileteSkulen sett frå sør mot nord. 17.03.20   

Skule, idrettshall og turnhall skal stå ferdig i april 2021.
Frå april -21 skal bygga klargjerast til skulestart i august -21.

 

Først av alt vil Time kommune takka alle naboar og andre som får konsekvensar av prosjektet. De har vist stort tolmod under arbeidet så langt, det er me takksame for!. Fekk vita at det vart servert vaffel til arbeidarane i Tinghaugvegen. For ein gest!

Jærentreprenør AS og underleverandørane deire har så langt klart å halda framdrifta på tross av koronaviruset. Det er viktig å halda hjula i gang der det er mogleg. Derfor er me ekstra glade for at aktiviteten på byggeplassen går som forventa under normale forhold.

Kva skjer:

  •  Det vert planlagt asfaltering av Tinghaugvengen i første del av mai. Då vil byggegjerde verta flytta slik at denne viktige ferdselsåra for gåande og syklande kan opna igjen! Dette er fire månadar før planlagt.
  • Sør for Nordlysvegen vert det bygd ny gang og sykkelveg. Denne vert ikkje ferdigstilt før til hausten.
  •  Det vert arbeidd med uteanlegget sør for skulen (PDF, 3 MB). Dette området skal også fungera som ein kvartalsleikeplass for bustadområdet rundt skulen. Her skal det mellom anna byggast fotballbane, leikeareal, bålplass og multibane. Sjå vedlagt utomhusplan. 
  • Alle bygg skal etter framdrifsplanen vera tette innan 30.april.

 

Har de spørsmål eller innspel i forbindelse med byggearbeidet så kan de kontakta:

Firma

Namn

Telefonnummer

e-post

Jærentreprenør

Espen Woldstad

926 06 611

ew@jerentreprenor.no

Jærentreprenør

Valur Gunnarson

934 19 005

vg@jerentreprenor.no

Time kommune

Mari Bryne

932 85 482

Mari.Bryne@time.kommune.no

 

 

Prosjekt - Vardheia

Nyhetsartikkel om byggeprosjekt i Vardheia​​​​​​​ 13.03.19
Nyhetsartikkel 2. juni 2020
Maiken Stene er valt som kunstnar for kunstprosjektet i Vardheia ungdomsskule og Vardheihallen

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00