Rådmann Trygve Apeland

Rådmannen er øvste leiar for den samla kommunale administrasjonen, med dei unntak som følgjer av lov og rammer fastsett av kommunestyret.

 
 Rådmannen skal sjå til at dei saker som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde og at vedtak vert sette i verk.Klikk for stort bilete Ingeborg Skrudland   

Rådmannen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle kommunale organ med unntak av kontrollutvalet. Den underordna møter i eigenskap av rådmann.

Kommunestyret delegerer myndet til rådmannen å treffa vedtak i enkeltsaker eller typar av saker som ikkje er av prinsipiell karakter.

E-post, brevpost og anna skriftleg korrespondanse vert behandla i samsvar med Lov om offentlighet i forvaltningen. 

Rådmannen sine oppgåver og mynde er fastsett i kommunelova § 23.

 

Kontaktinfo

Trygve Apeland
Rådmann
E-post
Telefon 51 77 60 02
Mobil 908 70 079